Shuttlebuss med fire* daglege avgongar Loen - Olden - Lodalen - Oppheim
- den beste måten å oppleve Loen og Lodalen på

Periode: 28. juni - 11. august 2024

Hopp på eller hopp av - alt etter kva plan du har for dagen. Kombiner turen med ein fjelltur, bading eller ein båttur på vakre Lovatnet. Bussen har fire/tre* daglege ruter frå 28. juni til 11. august, og er eit tiltak frå reiselivet i Loen for å redusere miljøavtrykket i dalen og forenkle logistikken.

Tider med forbehold om endringar.

Prisar 2024

Vaksne: Dagspass 290,- Todagerspass 400,- Tredagerspass 450,-. Sesongkort: 600,-
Rute 1: Ein veg: 140,-. Rute 1 tur/retur: 240,-
Rute 2: Loen-Oppheim ein veg: 90,-, tur/retur: 130,-.
Loen-Olden ein veg 150,-, tur/retur 290,-.
Born (6-15 år): Halv pris. Born under 5 år kan følge bussen gratis.

Merk at billettane er personlege. Misbruk fører til inndragelse av billetten. Med forbehold om endringar i prisen.

Praktisk informasjon

  • Inga førehandstinging og ingen plassgaranti

  • Bussen har 22 seter

  • Med dagspass kan du gå på og av bussen så mykje du vil i løpet av ein dag. Merk at dagspasset er personleg.

  • Betaling: Kontantar eller kort ombord på bussen

  • * Fire avgongar til Lodalen, fire avgongar til Olden, tre avgongar til Oppheim. Første og siste rute for dagen køyrer ikkje til Kjenndalsbreen parkering. Ankomst og avgong frå Kjenndalstova.

Kontakt

post@loenactive.no Tel. +47 906 39 001

 

HØGDEPUNKT

 
 

Lodalen og det smaragdgrøne Lovatnet

Den smale, dramatiske og stille dalen med det grøne vatnet er eit syn av dei sjeldne.

Norges lettaste topptur med Loen Skylift

Spektakulære Loen Skylift løftar deg tusen meter nesten rett opp – til restauranten på kanten av fjellet Hoven. Tilrettelagte vandrestiar av ulik vanskegrad. Prøv zipline over jølet.

Båttur på vakre Lovatnet

Gå av bussen på kaia på Sande og ta vannvegen inst heilt til enden av dalen. Der kan du nyte eit godt måltid, og bli med bussen tilbake til Loen. Førehandbestilling er anbefalt sidan det er avgrensa kapasitet på båten.

Rakssetra (Oppheim)

Rakssetra ligg idyllisk til som eit postkort i fjellsida mot Årheimsfjellet. Dette er ein tur som har blitt svært populær siste tida.

Skåla - Norges lengste motbakke

Skåla, den vakre giganten, ruvar over Loenbygda. Ein sti bygd for hand, snirklar seg gjennom den grove steinura, 1848 vertikale meter frå fjordkanten.

Nasjonalromantiske Breng

Like ved Lovatnet ligg Breng seter. I gammal tid var dette eigen gard, men vart seinare seter for garden Sæten. Her var det tradisjonell stølsdrift fram til kring 1950. I 1970-åra var dette miljøet i ferd med å forfalla. Takka vere stor innsats frå eigarane og offentleg støtte vart Breng seter berga.

Kajakk og SUP på fjorden

Opplev Loen frå kajakk på Nordfjorden. Loen Active tilbyr guida turar i doble kajakkar nesten heile året. Turen kan også kombinerast med ein vandretur.

Via Ferrata Loen

Via Ferrata Loen er ein spektakulær klatresti som er sikra med wire heile vegen, og tek deg til toppen av Hoven på 1011 moh. Du klatrar heile vegen med ei storslagen utsikt mot fjorden, Lodalen, Oldedalen, majestetiske Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen.

Kjenndalstova kafe og restaurant

En restaurant omringa av overveldende natur med ei tilhørende dramatisk historie. Her kan du nyte tradisjonsrik mat, og nyte ein kaffipause.

Bødalen og Bødalsetra

Ei vakker seter i vill natur - i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Ein enkel og barnevenleg tur.

Bading i Lovatnet

Bad i det friske, smaragdgrøne Lovatnet.

Loen Play

Eit nytt lite leikeunivers for dei minste - midt i Loen

OVERNATTINGSSTADAR I LOEN OG LODALEN

Hotel Alexandra

Hotel Loenfjord

Loen Apartments


Tjugen Camping

Loenvatn

Feriesenter

Sandeåsen Feriesenter


Sande Camping

Helset Camping

Hogrenning Feriehytter